Bremanger kommune

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.

07/09/2017
SØKNADSFRIST: 24.09.2017 Ved Svelgen Omsorgssenter er det ledig 2 stillingar som sjukepleiar i 100%. Vi søkjer etter personar som er offentleg godkjente sjukepleiarar. Dei som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet. Bremanger kommune: • Lønnar alle sjukepleiarar 25 000 kroner over minsteløn. • Har gode pensjonsordning og heildøgns forsikring. • Hjelper til å skaffe bustad og barnehageplass I mars 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt Omsorgssenter. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og til rettelagd arbeidsplass. Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, palliativ omsorg og kreft. Vi arbeider i årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si. Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av nyare dato. Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode medarbeidarar! For nærare opplysningar, ta kontakt med driftssjef Hilde Gretha Hauge tlf:95 98 93 10 Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det. Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter. Kontaktpersonar: Hilde Gretha Hauge  mob: +47 95989310
Bremanger kommune Bremanger, Norge
07/09/2017
SØKNADSFRIST: 24.09.2017 Ved Svelgen Omsorgssenter er det ledig ei fast 85 % stilling som kokke-/kokekyndig. I stillinga inneber det arbeid kvar 3.helg. Vi ynskjer medarbeidarar med fagbrev innan kokkefaget, men andre med relevant praksis er velkomne til å søkje. Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg. Bremanger kommune kan tilby: • God pensjonsordning og heildøgns forsikring. • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass. I mars 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt omsorgssenter i Svelgen. Her arbeider vi i moderne omgjevnadar.Kjøkkenet er av fagfolk sagt, blant dei beste institusjonskjøkkena i landet, kor det er vektlagt at ein skal kunne gje god kvalitet på varene ein leverer og at medarbeidarane skal ha ein god og tilrettelagt arbeidsplass. Omsorgssenteret er delt inn i fem einingar med m.a. demens, rehabilitering og lindrande pleie. På kvar eining er det avdelingskjøkken, så det er kun den varme maten som vert tilberedt på institusjonskjøkkenet. Vi arbeider i årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si. Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode medarbeidarar! Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av nyare dato. For nærare opplysningar, ta kontakt med driftssjef Hilde Gretha Hauge tlf: 95 98 93 10 Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det. Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter.  Kontaktpersonar: Hilde Gretha Hauge  mob: +47 95989310
Bremanger kommune Bremanger, Norge
07/09/2017
SØKNADSFRIST: 24.09.2017 Det er ledig eit 50% vikariat med moglegheit for fast tilsetjing for aktivitør/miljøarbeidar/miljøterapeut ved Aktiv jobb, indre. Vi ønskjer også kontakt med personar som ønskjer å vere vikar på tilkalling ved våre avdelingar i indre og i ytre. Vi søkjer etter fagarbeidar/miljøarbeidar/terapeut innan helse/sosial eller pedagogiske fag. Andre med relevant erfaring kan søkje. Dei som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet. Hovudoppgåver for stillinga: • Direkte brukarretta arbeid • Samhandling internt og eksternt • Delta i utviklingsarbeid Må ha førarkort kl. B Bremanger kommune kan tilby: God pensjonsordning og heildøgns forsikring. Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det. Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssenter.  Kontaktpersonar: Oddgeir Sande  tlf: 95982930  Randi Ytrehus  tlf: +47 95988707 
Bremanger kommune Bremanger kommune, Norge
05/09/2017
SØKNADSFRIST: 24.09.2017 Vi har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 13. november 2017 Kvalifikasjonar for stillinga som barnehagelærar: • Utdanning som førskulelærar/ barnehagelærar • Pedagogisk engasjement og fokus på godt læringsmiljø • Gode norsk-kunnskapar Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar: • Ha gode samarbeidsevner • Vere tydeleg og motivert • Vere engasjert til det beste for barn og medarbeidarar • Evne til å inspirere og motivere barn og tilsette Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kontaktperson: Fagleiar for barnehage, Nina Grotle tlf. 474 85 785 Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssenter. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det. Stasjonen barnehage er organisert som oppvekstsenter saman med Hauge skule – Hauge oppvekst.  Oppvekstsenteret har ein driftssjef og har ein fagleiar skule og ein fagleiar for barnehage.  Stasjonen barnehage har 3 avdelingar.  Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling. Barnehagane samarbeider tett og arbeider målretta med kommunale satsingsområde innan PALS, Språk (Språkløyper) og Resultatleiing Oppvekstsektoren i Bremanger har seks oppvekstsenter med barnehagar og skular under same tak og med felles leiing. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år.  Samla sett oppnår vi gode faglege resultat og vi har høg trivsel hos elevar og lærarar. Vi har mange dyktige lærarar med høg kompetanse og vilje til utvikling.  Vi treng no fleire med på laget for å utvikle oppvekstsektoren i Bremanger vidare. Dei som vert tilsette må vere villige til å jobbe etter dei systema og verdiane som ligg til grunn i oppvekstsektoren generelt og på kvart oppvekstsenter spesielt. 
Bremanger kommune Bremanger kommune, Norge