Bykle kommune

Tenkjer du på å flytte til Bykle?  - Kjem du, er du velkomen!

Bykle er rik på det som er fint å vekse opp med, og som gir barna våre grunnleggjande verdiar, ei god ballast å ta med seg vidare. Ein treng tryggleik og positive omgjevnadar og impulsar for å kunne trivast og tru på seg sjølv. Vi som har bodd her ei stund veit alt om dette og vil gjerne at også du, om du vil, skal få oppleve dette. Vi er ikkje mange og vil gjerne bli fleire! Vi trur det er ein fordel at du likar småsamfunn og veit kva det krevst av den enkelte å leve og bu slik.Om du er viljug til å stå på og gjere ein innsats, vert samfunnet vårt enno betre å bu i, og du har kan hende funne ein plass der du vil byggje og bu.

God kommuneøkonomi har gjort det mogleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosialtilbod, barne- og ungdomstilbod, kultur- og fritidstilbod. Vi har særs gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden og ellers fine lokale innan dei fleste område. Her kan alle oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom.

Som innbyggjar i Bykle kommune får vi i pose og sekk når kommunen satsar på eit heilårleg reiselivstilbod. Ein roleg novemberdag er vi kan hende 900 personar totalt, og midt i påska kan det vere langt over 15 000 på besøk her.

Fritidstilboda er omfattande året rundt og over 30 friviljuge organisasjonar gjer det lett å vere aktiv og finne seg gode vener her.

VELKOMEN TIL OSS!

13/09/2017
SØKNADSFRIST: 29.09.2017 Tenesteleiar/rektorstillinga inngår i rådmannen sin leiargruppe og vil vere ein bidragsytar for utvikling av kommunen sine tenester. Vi ønskjer deg som er utviklingsretta, tydeleg og inkluderande med god kompetanse og eit stort engasjement for skule. Kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar. Eining Fjellgardane skule omfattar 1 til 7. klasse, SFO, samt tilrettelagt avdeling. Fjellgardane skule har dei siste åra hatt vurdering for læring (VFL) og PALS som satsingsområde. Dette året jobbar skulen med språkløyper. Ansvarsområder Fag-, økonomi-, personal- og resultatansvar med rapportering til rådmannen Samarbeid med interne og eksterne aktørar Sakshandsaming Motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø Tek initiativ til pedagogisk og administrativ nytenking, og til å gjennomføre nødvendige endringar Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonskrav Pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet Kunnskap om personal- og endringsleiing, utviklings- og omstillingsprosessar God til å utrykke deg skriftleg og munnleg Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er skikka for stillinga, er fleksibel, har evne til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig. Vi kan tilby Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø Løn etter avtale God pensjons- og forsikringsordningar Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad Flyttegodtgjersle etter eige reglement Bedriftsleilighet i Kristiansand Stillinga er ledig frå 01.02.2018. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest. Spørsmål om stillinga kan rettast til Rådmann Tallak Hoslemo tlf. 918 69 907 Søkjarane må bruke det elektroniske søknadsskjemaet vårt via knappen "Søk nå" Søknadsfrist: 29. september 2017
Bykle kommune Bykle, Norge
07/09/2017
SØKNADSFRIST: 22.09.2017 100% fast stilling som reinhalar er ledig frå snarast.  Arbeidstad for tida:  ulike eigedomar i Bykle. Det er 5 dagars arbeidsveke.  Arbeidsoppgåvene er dagleg og periodisk reinhald.  Det kan bli endring i arbeidsområdet.  Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil i tenesta.   Kvalifikasjonar:    Røynsle frå liknande arbeid.  Det er ein fordel med fagbrev som reinhaldsoperatør.  Den som blir tilsett må ha gode norskkunnskapar og kunne uttrykkje seg godt, både skriftleg og munnleg.  Det blir lagt vekt på at ein er fleksibel, påliteleg, kan samarbeide og er personleg egna for stillinga. Vi kan tilby: Løn som reinhaldar etter tariff.  Gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetning skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.  Det blir trekt 2% pensjonistinnskot.  Spørsmål om stillinga kan rettast til reinhaldsleiar Ruth Stangenes:  37938612 / 976 84 205 eller epost:  ruth.stangenes@bykle.kommune.no. Attestar og vitnemål blir spurt etter ved eit eventuelt intervju.
Bykle kommune Bykle, Norge