Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. 

HVL er en av de største høgskolene i landet, med omlag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. 

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærerutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger. 

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil. 

08/11/2017
SØKNADSFRIST: 28.11.2017 Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for lærar og kulturfag Stord, har ledig ei fast og ei mellombels stilling frå 01.01.2018. Den mellombelse stillinga kan delast i to 50% stillingar. I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper Lærarutdanningane ved HVL skal bidra til  utvikling av fagleg, kreativ og innovativ kompetanse i skule og barnehage.  Sentralt her står analyse av – og refleksjon kring bruk av teknologi, og utvikling av IKT-støtta  undervisings- og læringsmiljø. Ansvars- og arbeidsområde Stillingane er organiserte under masterstudiet IKT i læring. Arbeidsoppgåvene vil omfatta forsking, forskingsbasert undervising, rettleiing,- og annan oppfølging av studentar på masterstudiet IKT i læring. Oppgåver på Grunnskulelærarutdanninga (GLU), Barnehagelærarutdanninga (BLU) og etter- og vidareutdanning (EVU) er aktuelt. Master IKT i læring er eit samlingsbasert studium med faste samlingar på Stord. GLU og BLU er campusbasert med fast frammøte for studentane. Kvalifikasjonskrav • Det er ynskjeleg at søkjarane har førstekompetanse innanfor relevant fagområde.  • Høg digital realkompetanse og dokumentert kunnskap og erfaring frå pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læringssamanheng er eit krav. • Følgjande til telje positivt i vurderinga: o Erfaring frå forskings- eller utviklingsprosjekt der bruk av digitale læringsverktøy har vore sentralt. o Pedagogisk kompetanse og relevant undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning.  o Kunnskap om- og erfaring frå fleksibel og nettbasert læring. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, er det aktuelt med tilsetjing i stilling som   høgskolelektor. Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunna undervise i eitt av dei skandinaviske språka (norsk, svensk eller dansk) eller engelsk, samt kunna bruka engelsk skriftleg Stillinga krev gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. I vurderinga av aktuelle kandidatar inngår intervju og prøveførelesing. Søkjarar oppgir i søknaden kva stillingsstorleik ein ynskjer (100% eller 50%). Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129 Høgskulen på Vestlandet er ein organisasjon i stadig utvikling, og vi ønskjer medarbeidarar som er fleksible med omsyn til endring i arbeidsoppgåver. Vi tilbyr Lønn etter kompetanse i samsvar med statens lønnsregulativ. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Vi tilby elles: • Gode pensjons-, forsikring- og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving- og utvikling • Fleksitid i samsvar med «Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten» • Høve til trening i arbeidstida • I enkelte tilfelle kan en få dekka flyttekostnader i samsvar med «Særavtale om dekning av flyttekostnader» Søk på stillinga Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju. Kontaktpersonar Dekan Sigurd Sandvold tlf. 5349 14 02, 900 67 536, epost: sigurd.sandvold@hvl.no   Studieleiar Kjell Magnar Helland tlf. 53 49 14 97, 920 80 686, epost: kjell.helland@hvl.no  
Høgskulen på Vestlandet Stord, Norge
08/11/2017
SØKNADSFRIST: 28.11.2017 I den nye eininga Samhandling er det ledig fast stilling i 100% som kommunikasjonsarbeidar frå 1. desember 2017. Arbeids- og ansvarsområde   • Planlegge, gi råd og gjennomføre aktiviteter i kommunikasjons- og marknadsarbeidet vårt • Produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar • Leie og/eller inngå i team på ulike kommunikasjons-/samhandlingsoppgåver og prosjekt Kvalifikasjonar • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum på bachelornivå • Relevant praksis og dokumentert evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid.  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk Vi ser etter ein initiativrik person som tenker strategisk, og som er i stand til å finne gode løysingar på kompliserte utfordringar. Det krev høg kommunikasjonsfagleg kompetanse og god prosessforståing, samt stor arbeidskapasitet og operativ gjennomføringsevne. Du må både kunne arbeide sjølvstendig og i team. Det vil og vere ein føremon med kjennskap til utdannings- og forskingssektoren. Vi tilbyr Lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1408 førstekonsulent. For spesielt godt kvalifisert søkjar kan stillingskode som rådgjevar verta vurdert. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Vi tilbyr elles • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer i ei ny eining med høge ambisjonar for kommunikasjonsarbeid på alle felt. • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og kreativt miljø • Gode pensjons-, forsikring-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving– og utvikling • Fleksitid i samsvar med «Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten» • Høve til trening i arbeidstida • i enkelte tilfelle kan ein få dekka flyttekostnader i samsvar med «Særavtale om dekning av flyttekostnader». Søk på stillinga Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «søk denne stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attestert omsettingar. Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen får ut, Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju. Kontaktpersonar:  Svein Ove Eikenes, svein.eikenes@hvl.no, tlf. 5349 1413
Høgskulen på Vestlandet Stord, Norge
08/11/2017
SØKNADSFRIST: 28.11.2017 Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for lærar og kulturfag Stord er det ledig  100 % fast stilling som praksiskoordinator for grunnskulelærar-utdanningane, praktisk pedagogisk utdanning og faglærarutdanning i musikk frå 1.1.18 I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Phd.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper. Praksiskoordinator er eit viktig bindeledd mellom høgskule og praksisfeltet i arbeidet med profesjonsutvikling i dei ulike profilane i lærarutdanninga og administrerer praksisopplæringa. Ho/Han har tett kontakt med praksisskulane, fagmiljøet på HVL og studentane. God kommunikasjon, informasjon og organisering med alle partar er viktig. I samband med organisasjonsendringar kan arbeidsoppgåver bli endra. Ansvars- og arbeidsområde • Rekruttera skular til praksisopplæringa og inngå kontraktar med kommunane og skulane i samarbeid med studieleiar • Fordela studentane på praksisskular • Hovudansvar for fagleg innhald og utvikling av fagdagar, kurs og møte med praksisfeltet i samarbeid med fagmiljøet på HVL  • Tett kontakt og samtaler med praksiskular og studentar  • Vidareutvikla kvalitet i praksisopplæring som ein sentral del av studiet og ta del i utviklingsarbeid som skal styrka praksisopplæringa innan HVL  • Kvalitetssikra avtalar og utgifter til praksis • Vedlikehalde og vidareutvikle Praksisnett, ei informasjonsnettside knytt til utdanningane • Organisera og planleggja studie- og praksisåret med partnarane Kvalifikasjonar   • Utdanning på masternivå/lærarutdanning eller minimum på bachelornivå • Undervisningserfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule er ein føremon.  • Personen som vert tilsett må ha god kunnskap om utdanningane, og oppdatert og variert kunnskap/erfaring frå praksisfeltet.  • Kjennskap til skulestruktur i regionen og evne til nettverksbygging er ein føremon.   • Grunnleggande IKT-kompetanse er nødvendig.  • Stillinga krev gode kommunikasjons- og samarbeidsevner då praksiskoordinator skal samarbeide tett med praksisfelt, faglærarar og studieleiar.  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig og evne til å løyse fleire oppgåver samstundes er viktig.   • Praksiskulebesøk med reising er ein del av arbeidet. Søkjar bør ha førarkort klasse B. Vi tilbyr Lønn etter kompetanse i samsvar med statens lønnsregulativ. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Vi tilby elles: • Gode pensjons-, forsikring- og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving- og utvikling • Fleksitid i samsvar med «Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten» • Høve til trening i arbeidstida • I enkelte tilfelle kan en få dekka flyttekostnader i samsvar med «Særavtale om dekning av flyttekostnader» Søk på stillinga Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «søk denne stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attestert omsettingar. Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen får ut, Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på 3-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju. Kontaktpersonar: Studieleiar Anne Chr. Aandahl, E-post: anne.aandahl@hvl.no, Telefon: 53 49 13 23  Studieleiar Kjell Magnar Helland, e-post kjell.helland@hvl.no tlf. 53 49 14 97
Høgskulen på Vestlandet Stord, Norge
08/11/2017
SØKNADSFRIST:  28.11.2017 Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for lærar og kulturfag Stord  er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor/ i matematikkdidaktikk / matematikk for perioden 1.1.18 - 31.07.20. I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper. Lærarutdanningane ved HVL skal bidra til  utvikling av fagleg, kreativ og innovativ kompetanse i skule og barnehage.  Sentralt her står analyse av – og refleksjon kring bruk av teknologi, og utvikling av IKT-støtta  undervisings- og læringsmiljø. Fagmiljøet tilbyr studier i matematikk/matematikkdidaktikk innanfor barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, PPU og masterprogram . I tillegg driv seksjonen utstrakt etter- og vidareutdanningsverksemd. Seksjonen har omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid retta inn mot matematikkdidaktikk og samarbeider med nasjonale og internasjonale fagmiljø. Ansvars- og arbeidsområde Stillinga er knytt til matematikk i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga, samt eksternt finansierte kurs.  Interesse og kompetanse for faget innan barnehagelærarutdanninga og begynnaropplæringa i grunnskulelærarutdanningane er ein fordel. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering, samt deltaking i vidareutvikling av studietilboda. Kvalifikasjonskrav • Søkjarar må ha fagleg kompetanse på master- / doktorgradsnivå innanfor matematikkdidaktikk . • Dersom søkjar har master-/doktorgrad innan matematikk eller eit tilsvarande fag, vert det kravd dokumentert matematikkdidaktisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning eller rettleiing. • Det kan bli aktuelt å tilsette i stilling som høgskulelektor dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med førstekompetanse. • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig. Høg etisk medvit i møte med studentar er eit krav. Undervisningsspråket vil vere norsk og søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. • Høgskulen nyttar digitale læringsverktøy og undervisning i e-læringsbaserte utdanningar vil vera aktuelt. • Tilsette kan etter søknad, delta i forskings- og utviklingsverksemd ved HVL Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, er det aktuelt med tilsetjing i stilling som høgskulelektor. Søk på stillinga Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju med prøveforelesing. Lønnsvilkår Lønn i samsvar med hovedtariffavtalen i Staten.  Stillingane gir medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode gode pensjonsvilkår og gunstige låneordningar.  Generell informasjon Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette. Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift. Kontaktpersonar Seksjonsleiar:  Tesfa Mengetsie  53491326 Studieleder:  Anne Chr. Aandahl  53491323
Høgskulen på Vestlandet Stord, Norge