Flora kommune

Flora kommune ligg heilt ute ved kysten av Sogn og Fjordane og har om lag 12 000 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg frå Ålfotbreen i aust til havet i vest.

Her finn du ein skjergard med eit mylder av små og store øyer og eit innland med brusande elvar, vakre fjelltopparog stille vatn. Kommunen er eit eldorado for naturopplevingar, båtliv, jakt og fiske.

Flora er Noreg sin vestlegaste by, med bysentrum Florø. Byen vart etablert i 1860 og bygd opp på "havet sitt sølv", silda, som ein finn igjen i byvåpenet.

Byen framstår i dag som ein kombinasjon av ein sjarmerande småbyidyll og eit pulserande næringsliv i utvikling.
Her finn du eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Idrettshall, symjehall, fotballbaner, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.

Flora er arena for store årlege arrangement som Fotballflora, Kinnaspel, båtmesse og kystfestival-helga Himmel og Hav, med verdas lengste sildebord. Til alle årstider byr vi på eit rikt utval av kulturtilbod som teater, revy, kino, konsertar, utstillingar og mykje meir.

Næringslivet i kommunen er eksportretta og hovednæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustri og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet. 

Kommunen har gode kommunikasjonar både internt med buss/båtruter og med omverda.Her er direkte flyruter til Oslo og Bergen, ekspressbåtar og ekspressbussar. Hurtigruta har og stoppestad i Florø. Det er enkelt å reise hit.

Vil du vite meir?
Her kan du sjå filmar om Flora!  Kort versjon og  Lang versjon
Velkomen til oss som gjest eller innbyggjar!

10/01/2018
SØKNADSFRIST: 25.01.2018 KF Innvandrarsenteret i Flora skal frå 1. mars tilsette ein helseansvarleg i 40% fast stilling. Stillinga høyrer for tida til staben på Solbakken asylmottak. Til helseansvarleg søker vi ein person med helsefagleg bakgrunn, gjerne med bakgrunn innan psykisk helse. Helseansvarleg har ansvar for kartlegging og oppfølging av helsa til bebuarane ved mottaket i samarbeid med helsevesenet elles. Det er også lagt sterk vekt på førebyggande helsearbeid. Til stillinga kan vi tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit travelt arbeidsmiljø, med kontor på Solbakken i Jakob Sandevegen 14. Vi tilbyr god intern og ekstern opplæring. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Lønn etter avtale. Du må vere positiv, målretta og resultatorientert, kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og initiativrik og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Fleirkulturell kompetanse er ein fordel. Du må kunne uttrykke deg godt, skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk. Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld kan påreknast. Sidan arbeid med asylsøkarar og flyktningar er prega av tett politisk styring og raske endringar i rammeføresetnadane, kan arbeidsavtalen bli endra på kort varsel. Kopi av attestar og vitnemål, samt politiattest, skal leverast etter nærare avtale. Vi oppfordrar menn og personer med innvandrarbakgrunn om å søke stillingane. Kontakter Bente Nygård E-post bente.nygard@flora.kommune.no   Mobil 41021008
Flora kommune Flora, Norge
10/01/2018
SØKNADSFRIST: 25.01.2018 KF Innvandrarsenteret i Flora skal frå 1. mars tilsette ein miljøarbeidar i 50% fast stilling. Stillinga høyrer for tida til staben på Solbakken asylmottak. Til miljøarbeidarstillinga er det ingen formelle krav til utdanning, men vi ynskjer ein nevenyttig person med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi vil legge vekt på kunnskap om generelt vedlikehald av hus og personlege eigenskapar ved tilsetjing. Til begge stillinga kan vi tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit travelt arbeidsmiljø, med kontor på Solbakken i Jakob Sandevegen 14. Vi tilbyr god intern og ekstern opplæring. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Lønn etter avtale. Du må vere positiv, målretta og resultatorientert, kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og initiativrik og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Fleirkulturell kompetanse er ein fordel. Du må kunne uttrykke deg godt, skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk. Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld kan påreknast. Sidan arbeid med asylsøkarar og flyktningar er prega av tett politisk styring og raske endringar i rammeføresetnadane, kan arbeidsavtalen bli endra på kort varsel. Kopi av attestar og vitnemål, samt politiattest, skal leverast etter nærare avtale. Vi oppfordrar menn og personer med innvandrarbakgrunn om å søke stillingane. Kontakter Bente Nygård E-post  bente.nygard@flora.kommune.no   Mobil 41021008
Flora kommune Flora, Norge
08/01/2018
SØKNADSFRIST: 19.01.2018 Heimeteneste Eikefjord, avdelingsleiarstilling 100 % fast stilling ledig frå 01.07.2018 Heimtenesta i Eikefjord har 35 tilsette og gjev heimetenester, praktisk bistand og dagtilbod.Som avdelingsleiar blir du del av vårt dyktige leiarteam som fokuserer på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Pleie og omsorgssjef blir din nærmaste leiar og du vil jobbe i leiarteam. I tillegg har omsorgstenesta ein felles stab med gode støttefunksjonar. Arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar er du arkitekten og bygger eit godt og produktivt arbeidsmiljø for den avdelinga du skal leie . Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømmebygging av avdelinga di og har ansvar for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Flora kommune og omsorgstenesta har satt.  Krav til kompetanse Vi ynskjer deg som har lyst til å vere leiar!  Og vi vil ha: deg som " ser" dine medarbeidarar og får kvar einskild til å føle seg verdsatt. deg som er strukturert og tydeleg deg som er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra. deg som liker endring og er god på å leie og inkludere dei tilsette. deg som er fleksibel, kreativ og løysingsorientert deg som liker å ha ansvar, tek ansvar og ansvarliggjer tilsette Kompetanse Minimim 3 årig høgskule innan helse og omsorg Du bør ha vidareutdanning i leiing  Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,Min vakt og Web sak. Økonomiansvar Avdelingsleiar skal i lag med fagleiar for økonomi utarbeide årsbudsjett for avdelinga og er ansvarleg for ei drift i balanse. Månadsrapportering til Pleie og omsorgssjef.  Vi tilbyr Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag. Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning.  Vi legg til rette for meir leiarutdanning / kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon for leiarar. God pensjonsordning i KLP og gode lønsvilkår. Ynskjer du meir utfyllande informasjon om stillinga kan du ta kontakt med pleie og omsorgssjef Ragnhild Holm på mobil 99 02 87 39  
Flora kommune Flora, Norge