Jobbtotal.no
JOBBSØK:
Fritekst:

UKENS PROFILERTE




Se vår annonse i Dagbladet 6.juli

 Følg oss på facebook

Se flere stillinger fra denne annonsøren

Kommune:Volda
Type jobb:Høgskole/Universitet, Stipendiat
Jobbtittel:Høgskulen i Volda - Ph.d.-stipendiat - profesjonsutøving; vilkår og utvikling
Søknadsfrist:15.09.2017
Arbeidsgiver:Høgskulen i Volda
Stillingsbeskrivelse:

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Ph.d.-stipendiat - profesjonsutøving; vilkår og utvikling - st. nr. 30/2017



Det er ledig inntil tre stillingar som ph.d.-stipendiat (doktorgradsstipendiat) knytte til Høgskulen i Volda / Høgskolen i Molde sitt ph.d.- studium i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving; vilkår og utvikling.

Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap denne doktorgradsutdanninga, som er tverrprofesjonell og tverrfagleg. Utdanninga rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren, og inkluderer bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar. Faggrupper møter i aukande grad samansette problem og må samarbeide på tvers av faggrupper for å utvikle gode tenester. Ph.d-studiet er eit tilbod til kandidatar som har relevant fagbakgrunn og master/hovudfag.

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for sosialfag. Avdelinga tilbyr i dag mellom anna to bachelorutdanningar i sosialt arbeid; barnevernspedagog- og sosionomutdanning og masterprogramma «Meistring og myndiggjering» og «Samfunnsplanlegging og leiing». Doktorgradsutdanninga er også knytt til avdelinga. Ved Høgskolen i Molde tilbyr ein m.a. masterprogrammet «Kliniske hjelperelasjonar», vidareutdanning i Psykisk helsearbeid og bachelorutdanningar i helsefag. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på åremål. På fulltid er ho tre år, eventuelt kan tilsettingsperioden forlengast til fire år, der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen i Volda.

Søkjarar må ha fullført mastergradsutdanning, eller tilsvarande innanfor sosialfag, helsefag, samfunnsvitskaplege fag eller i andre relevante fag. Søknaden skal innehalde ein prosjektomtale for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d-avhandlinga). Søknadar med prosjektprofil retta mot profesjonsutøving i praksisfelt som psykisk helse/rus, barnevern og NAV-tenester vil bli prioriterte. Fagleg erfaring eller forskingskompetanse utover mastergrad på det aktuelle fagfeltet vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarane.

Søkjar med utanlandsk mastergrad kan kontakte NOKUT for å søkje om godkjenning av utdanninga. Søkjar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Søkjarane sine kvalifikasjonar og prosjektomtalar vert vurderte av eit sakkunnig utval. Det vil også verte gjennomført intervju med aktuelle søkjarar. Dei som vert tilsette, må søkje om opptak til doktorgradsprogrammet Profesjonsutøving; vilkår og utvikling, og opptaket der må vere godkjent før dei kan ta til i stillingane som stipendiat. Tiltreding er derfor etter avtale. Tilsetjing som stipendiat vert endeleg avgjort av tilsetjingsrådet for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, m.a. med lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat», fastsett av KD 31.2.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld.

Stipendiatstilling vert løna i statens lønsregulativ, l.pl. 17.515, stipendiat kode 1017, LR 20.

Søknadsfrist: 15. september 2017

Søknaden skal leverast elektronisk, og elektronisk søknadsskjema finn du her: http://www.hivolda.no/stilling

Der kan det mellom anna leggjast inn informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at søkarane gir referansar i søknaden. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Dersom ein allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, må dette sendast inn.

Søkjarane må seinast innan ein månad etter søknadsfristen, det vil seie 15. oktober 2017, ettersende prosjektomtale, CV, kopi av vitskaplege arbeid (inkludert hovudfag/masteroppgåve) og rettskjende kopiar av attestar/vitnemål.

I og med at søknaden skal leverast elektronisk, tek du kontakt med personalkontoret når du er klar til å sende inn vedlegga: personal@hivolda.no Du vil då få tilsendt link, slik at du kan laste opp vedlegga.

Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 15 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga må ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Prosjektomtalen, som skal sendast inn, skal vere på maksimum 10 sider. Det skal kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Prosjektomtalen skal også gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva empiri/datagrunnlag ein tek sikte på å bruke, og prosjektomtalen må innehalde eit utkast til tidsplan.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge (www.jobbnorge.no). Det er søkjar sitt ansvar å syte for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Dersom vedlegga ikkje vert ettersendt innan fristen, vert ikkje søknaden vurdert. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til høgskulen. Søkjar må ta med original/rettkjende kopiar av attestar og vitnemål på eventuelt intervju.

I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli unnatekne i offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «Søknad» krysse av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør Offentlighetsloven» og grunngje søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Meir informasjon kan ein få ved å kontakte professor Tor-Johan Ekeland, programansvarleg Ph.d., e-post: tje@hivolda.no tlf.: 70075089 eller eller dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Odd Ragnar Hunnes tlf. 70 07 52 96, e-post: orh@hivolda.no. For generelle spørsmål om tilsetjingsforhold, kan søkjarar kontakte personaldirektør Nina Garshol, e-post: personal@hivolda.no.
Se flere stillinger fra denne annonsøren
STARTSIDE  |  
OM OSS  |  
ANNONSERE?  |  
LINKER  |  
KONTAKT OSS
© jobbtotal.no
Startside  |  Spørsmål?  |  Kontakt