Jobbtotal.no
JOBBSØK:
Fritekst:

UKENS PROFILERTE




Se vår annonse i Dagbladet 6.juli

 Følg oss på facebook

Se flere stillinger fra denne annonsøren

Kommune:Volda
Type jobb:Høgskole/Universitet, Stipendiat
Jobbtittel:Høgskulen i Volda - Ph.d.-stipendiat - samfunnsplanlegging og leiing
Søknadsfrist:15.09.2017
Arbeidsgiver:Høgskulen i Volda
Stillingsbeskrivelse:

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Ph.d.-stipendiat - samfunnsplanlegging og leiing - st. nr. 29/2017



Det er ledig ei stilling som Ph.d.-stipendiat (doktorgradsstipend) ved Høgskulen i Volda.

Stipendiaten skal arbeide med forsking som er relevant for Master i samfunnsplanlegging og leiing. Søknadene blir også vurderte med tanke relevansen temaet har for doktorgradsprogrammet ved Høgskulen i Volda. Profesjonsutøving - vilkår og utvikling. Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Stipendiaten vert knytt til Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, IPAS.

IPAS, har ei brei tilnærming til forsking, og arbeider med tema innanfor regional og kommunal utvikling, lokalsamfunn, nærmiljø og folkehelse, planlegging og organisering av offentlege tenester. Instituttet har høg kompetanse på planlegging som reiskap for utvikling, med vekt på kommunikative og kollaborative former for endringsarbeid. Trekk ved samfunnsutviklinga viser at behovet for tenester frå offentleg sektor er stort, samtidig som forventningane til kvalitet og effektiv ressursbruk aukar. Dette inneber at ein må tenke annleis om planlegging og utforming av tenester. Nedanfor presenterer vi nokre døme på aktuelle tema, men lista er ikkje uttømande:

- Medverknad i planlegging og leiing
- Samskaping av offentlege tenester
- Brukarmedverknad i samskapinga
- Faktorar som fremmar innovasjon i kommunar
- Utforming av funksjonelle styringssystem

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på åremål. På fulltid er ho tre år, eventuelt kan tilsettingsperioden forlengast til fire år, der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen i Volda.

Søkjarar må ha fullført mastergradsutdanning, eller tilsvarande, i eit samfunnsfagvitskapleg fag. Søknaden skal innehalde ein prosjektomtale for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d-avhandlinga).

Søkjar med utanlandsk mastergrad kan kontakte NOKUT for å søkje om godkjenning av utdanninga. Søkjar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Søkjarane sine kvalifikasjonar og prosjektomtalar vert vurderte av eit sakkunnig utval. Fagleg erfaring eller forskingskompetanse utover mastergrad på det aktuelle fagfeltet vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarane. Det vil også bli gjennomført intervju med aktuelle søkjarar. Vi gjer merksam på at dei doktorgradsgjevande institusjonane til vanleg stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak.

Den som blir tilsett må søkje og bli tatt opp på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktor-gradsprogram før ein kan ta til i stillinga. Frist for å levere dokumentasjon på opptak er seks månader frå ein får tilbod om stillinga. Stipendiaten vil kunne delta i forskingsfellesskap gjennom forskarskular som Høgskulen i Volda deltek i: NAFOL (Nasjonal forskerskole for lærerutdanning), RVS (The Research School Religion, Values and Society), NATED (National Graduate School in Education), Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies og PLANNORD (Nordic Planning Research Symposium).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat», fastsett av KD 31.2.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld.

Stipendiatstilling vert løna i statens lønsregulativ, l.pl. 17.515, stipendiat kode 1017, LR 20.

Søknadsfrist: 15. september 2017

Søknaden skal leverast elektronisk, og elektronisk søknadsskjema finn du her: www.hivolda.no/stilling. Der kan det mellom anna leggjast inn informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at søkarane gir referansar i søknaden. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Dersom ein allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, må dette sendast inn.

Søkjarane må seinast innan ein månad etter søknadsfristen, det vil seie 15. oktober 2017, ettersende prosjektomtale, CV, kopi av vitskaplege arbeid (inkl. hovudfag/masteroppgåve) og rettkjende kopiar av attestar/vitnemål.

I og med at søknaden skal leverast elektronisk, tek du kontakt med personalkontoret, når du er klar til å sende inn vedlegga: personal@hivolda.no Du vil då få tilsendt link, slik at du kan laste opp vedlegga.

Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 15 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga må ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Prosjektomtalen, som skal sendast inn, skal vere på maksimum 10 sider. Det skal kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Prosjektomtalen skal også gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva empiri/datagrunnlag ein tek sikte på å bruke, og prosjektomtalen må innehalde eit utkast til tidsplan.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge. Det er søkjar sitt ansvar å syte for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Dersom vedlegga ikkje vert ettersendt innan fristen, vert ikkje søknaden vurdert. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til høgskulen. Søkjar må ta med original/rettkjende kopiar av attestar og vitnemål på eventuelt intervju.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren bli unnatekne i offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «Søknad» krysse av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør Offentlighetsloven» og grunngje søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Nærare opplysingar om stipendiatstillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar ved IPAS Randi Bergem, tlf. 70 07 52 11, e-post: bergemr@hivolda.no eller dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Odd Ragnar Hunnes tlf. 70 07 52 96, e-post: orh@hivolda.no. For generelle spørsmål om tilsettingsforhold, kan søkjarar kontakte personaldirektør Nina Garshol, e-post: personal@hivolda.no.
Se flere stillinger fra denne annonsøren
STARTSIDE  |  
OM OSS  |  
ANNONSERE?  |  
LINKER  |  
KONTAKT OSS
© jobbtotal.no
Startside  |  Spørsmål?  |  Kontakt