Jobbtotal.no
JOBBSØK:
Fritekst:

UKENS PROFILERTE




Se vår annonse i Dagbladet 6.juli

 Følg oss på facebook

Se flere stillinger fra denne annonsøren

Kommune:Stord
Type jobb:Høgskole/Universitet
Jobbtittel:Høgskulen på Vestlandet - Førsteamanuensis / førstelektor i pedagogikk
Søknadsfrist:06.08.2017
Arbeidsgiver:Høgskulen på Vestlandet
Stillingsbeskrivelse:

Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for lærar og kulturfag campus Stord, har ledig inntil to faste stillingar og ei mellombels stilling. Tiltreding straks.

Undervisning, formidling forsking og utvikling innan dei ulike lærarutdanningane våre skal leggje særleg vekt på utvikling av fagleg, kreativ og innovativ kompetanse i skule og barnehage. Analyse av - og refleksjon over bruk av teknologi som del av undervising og opplæring er eit viktig fokusområde. Avdelinga har fleire lærarutdanningar og forskingsprogram som er bygde på dette.

Ansvars- og arbeidsområde

Arbeidsoppgåvene vil omfatta forskingsbasert undervising, rettleiing,- og praksisoppfølging av studentar på Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU), Grunnskulelærarutdanninga (GLU) og etter- og vidareutdanning (EVU). Pedagogikkseksjonen har ansvaret for undervisninga i pedagogikkfaget for PPU, grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga.

PPU er eit samlingsbasert studie med faste samlingar som går på Stord. GLU er campusbasert og med fast frammøte for studentane. EVU kan vere både campusbasert og samlingsbaserte.

Høgskulen legg stor vekt på å nytta digitale læringsverktøy og undervisning i e-læringsbaserte utdanningar vil vere aktuelt

Kvalifikasjonskrav

Det vert kravd utdanning på doktorgradsnivå eller tilsvarande. I tillegg til formell fag- og forskingskompetanse, vil erfaring frå vidaregåande opplæring eller høgare utdanning bli vektlagd. Det kan bli aktuelt å tilsetje i stilling som høgskulelektor dersom det ikkje melder seg søkjarar med doktorgrad.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. For tilsetting som høgskulelektor er kravet mastergrad eller tilsvarande.

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga " på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Lønn i samsvar med hovudtariffavtalen i Staten. Stillinga gir medlemsskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjonsvilkår og gunstige låneordningar.

Generell informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Kontaktpersonar

Dekan Sigurd Sandvold tlf. 5349 14 02, 900 67 536, e-post: sigurd.sandvold@hvl.no
Studieleiar Kjell Magnar Helland tlf. 53 49 14 97, 920 80 686, e-post: kjell.helland@hvl.no

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er en av de største høgskolene i landet, med omlag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærerutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

[ Søk på stillingen ]

Søknadsfrist: 06.08.2017


HVL ukens2
Se flere stillinger fra denne annonsøren
STARTSIDE  |  
OM OSS  |  
ANNONSERE?  |  
LINKER  |  
KONTAKT OSS
© jobbtotal.no
Startside  |  Spørsmål?  |  Kontakt