Jobbtotal.no
JOBBSØK:
Fritekst:

UKENS PROFILERTE




Se vår annonse i Dagbladet 6.juli

 Følg oss på facebook

Se flere stillinger fra denne annonsøren

Kommune:Haugesund
Type jobb:Rådgiver/Konsulent, Personal/HR
Jobbtittel:Høgskulen på Vestlandet - HR-rådgivar
Søknadsfrist:06.08.2017
Arbeidsgiver:Høgskulen på Vestlandet
Stillingsbeskrivelse:

HR-rådgivar

Høgskulen på Vestlandet, nærregion Stord / Haugesund søkjer HR-Rådgivar til 100 % fast stilling med hovudarbeidsstad Campus Haugesund. Stillinga er knytt til seksjon for personaltenester ved nærregion Stord / Haugesund. Seksjonen består i dag av personalsjef og seks medarbeidarar inklusiv HMS koordinator. Rådgjevar er administrativ støttespelar inn mot dekanar og aktuelle fagmiljø.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

- Rekruttering og mottaking av nye medarbeidarar
- Personaladministrative oppgåver
- Oppgåver knytt til inkluderande arbeidsliv
- Rådgiving og støtte til leiarar i HR-prosessar
- Omdømme og relasjonsbygging

Kvalifikasjonar:

- Høgare utdanning innan HR, fortrinnsvis på masternivå
- Relevant erfaring frå HR-arbeid og sakshandsaming
- Gode kunnskapar om relevante lovar- og regelverk
- Gode språkkunnskapar innan norsk (nynorsk og bokmål) og engelsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Dyktig relasjonsbygger og stor interesse for HR faget
- Stor arbeidskapasitet, fleksibel og med høg integritet

Vi tilbyr:

Stillinga som rådgivar er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1434.
Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

- Gode pensjons-, forsikring-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving- og utvikling
- Fleksitid i samsvar med Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
- Høve til trening i arbeidstida
- i enkelte tilfelle kan ein få dekka flyttekostnader i samsvar med Særavtale om dekning av flyttekostnader .

Korleis søke stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillingen" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved utløp av søknadsfristen. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. dersom vedlegga er over 15 MB må de komprimerast før dei vert lasta opp eller leggast ved som lenke.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i samsvar med Lov om offentlighet i forvaltningen kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom slik oppmoding ikkje vert teken til følge.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og i løpet av det neste året vil vi ha ei ny organisering av den faglege og administrative verksemda på plass. Det må difor påreknast ei endring i arbeidsoppgåver og plassering i organisasjonen som følgje av desse endringane.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegla mangfaldet i innbyggjarane. Det er difor et personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttera personar med minoritetsbakgrunn. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-bedrift.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

Egil Almås, Personalsjef, egil.almås@hvl.no
Kristina Velde Sande, HR-Rådgivar, kristina.sande@hvl.no
Jorunn Fylkesnes, Rådgivar, jorunn.fylkesnes@hvl.no

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er en av de største høgskolene i landet, med omlag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærerutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

[ Søk på stillinga ]

Søknadsfrist: 06.08.2017


HVL ukens2
Se flere stillinger fra denne annonsøren
STARTSIDE  |  
OM OSS  |  
ANNONSERE?  |  
LINKER  |  
KONTAKT OSS
© jobbtotal.no
Startside  |  Spørsmål?  |  Kontakt