Jobbtotal.no
JOBBSØK:
Fritekst:

UKENS PROFILERTE




Se vår annonse i Dagbladet 6.juli

 Følg oss på facebook

Austrheim kommune

Kommune:Austrheim
Type jobb:Helse/Sosial/Omsorg, Rettleder
Jobbtittel:Austrheim kommune - Rettleiar NAV sosial
Søknadsfrist:07.08.2017
Arbeidsgiver:Austrheim kommune
Stillingsbeskrivelse:

Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.

Rettleiar Nav sosial

Sosialtenesta søkjer medarbeider tilknytta Nav. Er du sosionom eller har anna relevant høgskuleutdanning, er du kanskje den vi leitar etter? Om du ynskjer å bidra til gode tenester for våre brukarar og du trivest i ein hektisk og spanande arbeidskvardag, er det nettopp deg vi søkjer.

Det er ledig frå 01.09.17 ei 100% fast stilling som rettleiar Nav sosial.

Arbeidsoppgåver

Kartleggje behov, gje råd og rettleiing. Motivere for tiltak som kan bidra til aktivitet. Sakshandsaming økonomisk sosialhjelp og oppfølging. Arbeidsoppgåver i høve til rus/psykiatri inngår og. Publikumsmottak og andre oppgåver som inngår i Nav-kontoret si oppgåveløysing.

Krav til kompetanse

- Sosionom eller tilsvarande relevant 3-årig utdanning frå høgskule/universitet
- Særleg relevant praksis kan delvis kompensere for utdanningskravet
- Erfaring frå rus/psykiatri arbeid er ynskjeleg
- Kjennskap til rettleiing i høve til privatøkonomi og økonomisk rettleiing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Fleksibilitet

Personlege eigenskaper

Du må like å ha det hektisk og ha stor arbeidskapasitet. Du må ha evne til å snakke med menneske i ulike livssituasjonar/kriser, du må vere i stand til å ta sjølvstendige avgjersler og ha gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar kontakt Avdelingsleiar Torill Heldal Hansen, tlf. 41424019

Vi kan tilby

- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
- God pensjonsordning, KLP/SPK.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider,
www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Søknadsfrist: 07.08.2017

Kontaktperson

Torill Heldal Hansen, Leiar NAV, mobil: 41424019, Torill.Heldal.Hansen@nav.no
Olav Mongstad, Assisterande rådmann, mobil: 91374696, olav.mongstad@austrheim.kommune.no


STARTSIDE  |  
OM OSS  |  
ANNONSERE?  |  
LINKER  |  
KONTAKT OSS
© jobbtotal.no
Startside  |  Spørsmål?  |  Kontakt