Jobbtotal.no
JOBBSØK:
Fritekst:

UKENS PROFILERTE




Se vår annonse i Dagbladet 6.juli

 Følg oss på facebook

Bykle kommune

Kommune:Bykle
Type jobb:Adm./Økonomi/Juss, Rådgiver/Konsulent
Jobbtittel:Bykle kommune - Ledig vikariat: 1.konsulent / konsulent 100% stilling ved økonomiavdelinga
Søknadsfrist:13.08.2017
Arbeidsgiver:Bykle kommune
Stillingsbeskrivelse:

Ledig vikariat: 1.konsulent / konsulent 100% stilling.

Vi har ledig vikariat som 1. konsulent/konsulent, 100 % stilling, frå om lag 1.11.17 t.o.m. 31.12.18.

Stillinga ligg organisatorisk under økonomiavdelinga.

Rekneskaps- og lønsarbeid for Bykle kommune, Setesdal IKT og Bykle sokneråd ligg til stillinga. Arbeidsoppgåver er føring av rekneskap, bokføring, avstemming og kontroll av rekneskap, avstemming og rapportering av mva. Lønsarbeid, bokføring, utbetaling og rapportering. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav:

- Relevant høgskuleutdanning innanfor fagfeltet
- Erfaring/bruk av Agresso økonomisystem eller tilsvarande
- Relevant praksis og kjennskap til kommunalt rekneskapsarbeid vil vere ein fordel
- Den som blir tilsett må kunne arbeide systematisk, nøyaktig og sjølvstendig
- Evne til å samarbeid er nødvendig
- Det blir lagt vekt på at ein er personleg eigna.
- Relevant erfaring og/eller fagutdanning kan kompensere for kravet om høgare utdanning.

Vi kan tilby:

- Løn som konsulent/1. konsulent etter utdanning og tariff
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Ann Ebeltoft tlf. 379 38532/991 63295

Søkjarane må bruke det elektroniske søknadsskjemaet vårt.

Vitnemål og attestar vil bli spurt etter ved eit eventuelt intervju.

Søknadsfrist: 13. august 2017


STARTSIDE  |  
OM OSS  |  
ANNONSERE?  |  
LINKER  |  
KONTAKT OSS
© jobbtotal.no
Startside  |  Spørsmål?  |  Kontakt