31/08/2017

Avdelingsleiar psykisk helse og rus

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 22.09.2017

Det er ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar psykisk helse og rus – ID 1465

Psykisk helse og rus er organisert som ei eige avdeling i eininga helse og omsorg. Avdelinga har vel 7 årsverk, og har ansvar for tenester til alle aldersgrupper - born, unge og vaksne. 

Ansvarsområde

• Førebyggjande og helsefremjande tiltak og tenester med oppfylgjing av enkeltpersonar og grupper 
• Dagsentertilbod 
• Bustadtilbod – bufellesskapet Bruli med 8 bemanna bustader 
• Rusarbeid – førebyggjande arbeid og oppfylgjingstenester 

Avdelinga er elles aktiv bidragsytar i Frisklivsentralen som kurshaldarar ved KID-kurs og i kommunens introduksjonsprogram. 

Me søkjer deg som 

• Har relevant høgskulekompetanse og vidareutdanning innan psykisk helsearbeid 

• Har leiarutdanning og/eller leiarerfaring - om du ikkje har leiarutdanning, er du villig til å ta slik utdanning
• Er fleksibel og løysingsorientert, og har gode samarbeidsevner 
• Har interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid 
• Har ei effektiv og systematisk arbeidsform 

Me nyttar Gat som personellstyringsverktøy og Profil som fagsystem. Fagfeltet er eit område der det skjer mykje spennande utviklingsarbeid dei næraste åra. Er dette noko for deg, ynskjer me deg velkomen som søkjar!

  Nærare opplysingar om stillinga ved helse- og omsorgssjef Kari Dalen tlf 478 94 710 / assisterande helse- og omsorgssjef Alv Dag Brandal tlf 414 10 739.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vitnemål og attestar må takast med til intervju. Det er krav om politiattest. 

Søknad skal sendast på elektronisk skjema - klikk på knappen "Søk nå".

Ansettelsesform

Fast

Søk nå