05/09/2017

Barnehagelærar Stasjonen barnehage

  • Bremanger kommune
  • Bremanger kommune, Norge
Barnehage

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 24.09.2017

Vi har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 13. november 2017

Kvalifikasjonar for stillinga som barnehagelærar:

• Utdanning som førskulelærar/ barnehagelærar
• Pedagogisk engasjement og fokus på godt læringsmiljø
• Gode norsk-kunnskapar

Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:
• Ha gode samarbeidsevner
• Vere tydeleg og motivert
• Vere engasjert til det beste for barn og medarbeidarar
• Evne til å inspirere og motivere barn og tilsette

Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kontaktperson: Fagleiar for barnehage, Nina Grotle tlf. 474 85 785

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssenter.

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Stasjonen barnehage er organisert som oppvekstsenter saman med Hauge skule – Hauge oppvekst. Oppvekstsenteret har ein driftssjef og har ein fagleiar skule og ein fagleiar for barnehage. Stasjonen barnehage har 3 avdelingar. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling. Barnehagane samarbeider tett og arbeider målretta med kommunale satsingsområde innan PALS, Språk (Språkløyper) og Resultatleiing

Oppvekstsektoren i Bremanger har seks oppvekstsenter med barnehagar og skular under same tak og med felles leiing. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. 

Samla sett oppnår vi gode faglege resultat og vi har høg trivsel hos elevar og lærarar. Vi har mange dyktige lærarar med høg kompetanse og vilje til utvikling. 

Vi treng no fleire med på laget for å utvikle oppvekstsektoren i Bremanger vidare. Dei som vert tilsette må vere villige til å jobbe etter dei systema og verdiane som ligg til grunn i oppvekstsektoren generelt og på kvart oppvekstsenter spesielt. 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå