07/09/2017

Aktivitør/miljøarbeidar ved Aktiv jobb

  • Bremanger kommune
  • Bremanger kommune, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

bremangerkommune_top.jpg
SØKNADSFRIST: 24.09.2017

Det er ledig eit 50% vikariat med moglegheit for fast tilsetjing for aktivitør/miljøarbeidar/miljøterapeut ved Aktiv jobb, indre.

Vi ønskjer også kontakt med personar som ønskjer å vere vikar på tilkalling ved våre avdelingar i indre og i ytre.
Vi søkjer etter fagarbeidar/miljøarbeidar/terapeut innan helse/sosial eller pedagogiske fag. Andre med relevant erfaring kan søkje.

Dei som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.

Hovudoppgåver for stillinga:
• Direkte brukarretta arbeid
• Samhandling internt og eksternt
• Delta i utviklingsarbeid

Må ha førarkort kl. B

Bremanger kommune kan tilby:
God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass.

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssenter. 

Kontaktpersonar:
Oddgeir Sande 
tlf: 95982930 
Randi Ytrehus 
tlf: +47 95988707 

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå