10/10/2017

Driftssjef

  • Indre Hordaland Miljøverk IKS
  • Voss, Norge
Ledelse VAR - VVA - VVS Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 17.10.2017

Vår noverande produksjonsleiar går over i anna stilling i selskapet og vi søkjer difor etter ein initiativrik og løysingsorientert leiar. Vi ser etter deg med høgare teknisk utdanning og erfaring med operativ leiing.

Du er inkluderande, og motiverar medarbeidarar til å dra i same retning for å nå våre felles mål. IHM har stor merksemd på HMS, og ei av dine roller vil vera å bidra til at gjeldande rutinar og regelverk vert etterlevd.

Vi ynskjer at du har erfaring frå avfall og gjenvinningsbransjen.

Annan relevant erfaring kan vere innan bygg, anlegg, maskin, eller prosjektleiing med tverrfagleg innhald.

Stillinga inngår i leiargruppa og rapporterer til dagleg leiar. Driftssjef får ansvar for heile produksjonslinja frå innsamling, sortering, foredling og gjenvinning av avfall. For oss er avfall ein viktig ressurs og vi ynskjer søkjarar med eit overordna miljøperspektiv.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for planlegging og drift i produksjonsavdelinga
  • Personal- og fagansvar for avdelinga
  • Organisere aktivitetar og koordinere med administrative støttefunksjonar
  • Optimalisering av drift og produksjon
  • Resultatoppfølging og økonomisk rapportering
  • Budsjettarbeid og ansvar for innkjøp i avdelinga
  • Stor merksemd på HMS & K med systematisk oppfølging
  • Sikre at bilpark og driftsmateriell er operativt til ei kvar tid
  • Oppfølging av offentlege løyve og lovpålagd rapportering
  • Utvikle avdelinga i tråd med selskapet sine visjonar, mål og verdiar

Kvalifikasjonar

  • Høgare teknisk utdanning
  • Erfaring frå operativ leiing med personalansvar
  • Leiarerfaring som syner gode resultat
  • God evne til kommunikasjon, skriftleg og munnleg
  • Systematisk, initiativrik og oppteken av kvalitet i arbeidet
  • Interesse og engasjement for miljø- og ressursforvalting
  • Trivst i eit hektisk miljø og er trygg i møte med andre

Me tilbyr

  • Ei sentral stilling med stor påverknadskraft i eit raust og godt arbeidsmiljø
  • Ein arena med sterk miljøfagleg kompetanse
  • Gode løns- og pensjonsordningar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Geir Mo
Stillingstittel: Dagleg leiar
Mobil: 480 17 879

Kontaktperson: Gunnar Bråten
Stillingstittel: Produksjonsleiar
Mobil: 911 79 820

Ansettelsesform

Fast

Søk nå