24/10/2017

Ledig vikariat i 100% stilling som allmennlege

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Lege

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 13.11.2017

Austrheim kommune lyser med dette ut 100% stilling som allmennlege i spesialisering. Stillinga er ledig frå 01.01.2018 til og med 31.12.2020. Når permisjonstida er over, vil det bli lyst ut ein tredje fastlegeheimel ved legekontoret.

Kommunen har søkt om å knyta stillinga til ALIS vest prosjekt i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Dette er eit prosjekt leia av Bergen kommune for spesialistutdanning 
av allmennlegar. Dersom du har spørsmål om ALIS-programmet, kan du sjekke på denne linken: https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/informasjon-til-fastleger/11145 

Opplysninger avdeling

Stillinga er knytt til Austrheim legekontor som i dag har 2 fastlegeheimlar og tilknytt 2 turnuslegar. 
Austrheim Legekontor har velutstyrte lokale, det er knytt fem hjelpepersonell til kontoret. Legekontoret nyttar Infodoc journalsystem.
I Helseavdelinga er det også psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, helsesøstre, jordmor og kommunal og privatpraktiserande fysioterapeutar. 
Som kommunelege i Austrheim vert du ein del av legevaktsamarbeidet som er organisert gjennom Nordhordland Legevakt i Knarvik. Her vil du gå inn i ein legevaktsturnus. 

Arbeidsoppgåver

- ansvar for listepasientar på fellesliste for kontoret
- felles ansvar for legevakt på dagtid
- deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus

Offentlege helseoppgåver som kan vere:
- tilsynslege ved sjukeheimen
- helsestasjonslege
- rettleiing av turnuskandidat

Krav til kompetanse

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste. Du må også ha:
- godkjent norsk autorisasjon som lege
- fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjer det mogeleg å praktisere som fastlege
- ha refusjonsrett frå Helfo
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Språknivå vert vektlagt i tilsetjingsprosessen
- godkjent politiattest

Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste. Du må også ha:
- godkjent norsk autorisasjon som lege
- fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjer det mogeleg å praktisere som fastlege
- ha refusjonsrett frå Helfo
- kjennskap til norsk helselovgjeving, ASA avtalen og fastlegeforskrifta
- førarkort

Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkolose, må ved tilsetjing legge fram godkjend tuberkulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar, ta kontakt med kommuneoverlege Peter Kubon tlf. 56 16 82 00 eller Austrheim kommune 56 16 20 00.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP.

ALIS-legen skal ha ei fastløna stilling som lege i kommunen. Løn etter avtale.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Vår ref: 231

Kontakter

Ansettelsesform

Fast

Søk nå