26/10/2017

Kulturkonsulent - vikariat

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Kultur - Bibliotek - Museum Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse

vinjekommune_top.jpg

SØKNADSFRIST: 15.11.2017

80 % vikariat som kulturkonsulent frå 01.01.18 eller snarast og til 01.07.2018 – ID 1479. 

Vinje kommune søkjer kulturkonsulent som har ansvar for å drifte og utvikle Vinjehuset med tilskipingar. Me søkjer deg som har erfaring, kompetanse og interesse for kulturarbeid og sakshandsaming. Kulturkonsulent er underlagt einingsleiar for kultur og jobbar i nært samarbeid med drivar av Vinjehuset kiosk/møteplass og på tvers av einingar. 

Stillinga inneber m.a

• Koordinere tilskipingar/arrangement  v/Vinjehuset
• Kulturminnevern
• Offentleg sakshandsaming
• Andre oppgåver kan bli tillagt

Kvalifikasjonar

Me ynskjer søkjar med erfaring og kompetanse innan kulturarbeid, offentleg sakshandsaming og gode IT kunnskapar. Målforma til Vinje kommune er nynorsk, så den som vert tilsett må kommunisere skriftleg på nynorsk.

Utdanning

Det er ynskjeleg med utdanning innan kultur 

Du er

• God til å samarbeide med fleire
• Retta mot løysingar og resultat i lag med andre
• God til å kommunisere og handle i lag med innbyggjarar og brukarar
• Stå på vilje og godt humør

Me kan tilby

• Løn etter avtale
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved Signe Marie Kittelsaa tlf 95897895  eller e-post til signe.m.kittelsaa@vinje.kommune.no


Søknad vert å sende på elektronisk skjema via knappen "Søk nå"

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå