08/11/2017

Førsteamanuensis / førstelektor innan matematikkdidaktikk / matematikk - vikariat

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Stord, Norge
Høgskole - Universitet Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

hogskolenvestlandet.jpg

SØKNADSFRIST:  28.11.2017

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for lærar og kulturfag Stord  er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor/ i matematikkdidaktikk / matematikk for perioden 1.1.18 - 31.07.20.

I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og
500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Lærarutdanningane ved HVL skal bidra til  utvikling av fagleg, kreativ og innovativ kompetanse i skule og barnehage.  Sentralt her står analyse av – og refleksjon kring bruk av teknologi, og utvikling av IKT-støtta  undervisings- og læringsmiljø.
Fagmiljøet tilbyr studier i matematikk/matematikkdidaktikk innanfor barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, PPU og masterprogram . I tillegg driv seksjonen utstrakt etter- og vidareutdanningsverksemd. Seksjonen har omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid retta inn mot matematikkdidaktikk og samarbeider med nasjonale og internasjonale fagmiljø.

Ansvars- og arbeidsområde
Stillinga er knytt til matematikk i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga, samt eksternt finansierte kurs. 
Interesse og kompetanse for faget innan barnehagelærarutdanninga og begynnaropplæringa i grunnskulelærarutdanningane er ein fordel.
Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering, samt deltaking i vidareutvikling av studietilboda.

Kvalifikasjonskrav
• Søkjarar må ha fagleg kompetanse på master- / doktorgradsnivå innanfor matematikkdidaktikk .
• Dersom søkjar har master-/doktorgrad innan matematikk eller eit tilsvarande fag, vert det kravd dokumentert matematikkdidaktisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning eller rettleiing.
• Det kan bli aktuelt å tilsette i stilling som høgskulelektor dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med førstekompetanse.
• Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig. Høg etisk medvit i møte med studentar er eit krav. Undervisningsspråket vil vere norsk og søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
• Høgskulen nyttar digitale læringsverktøy og undervisning i e-læringsbaserte utdanningar vil vera aktuelt.
• Tilsette kan etter søknad, delta i forskings- og utviklingsverksemd ved HVL

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, er det aktuelt med tilsetjing i stilling som høgskulelektor.

Søk på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida.
Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju med prøveforelesing.

Lønnsvilkår
Lønn i samsvar med hovedtariffavtalen i Staten.  Stillingane gir medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode gode pensjonsvilkår og gunstige låneordningar. 
Generell informasjon
Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert
alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.
Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette. Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Kontaktpersonar
Seksjonsleiar:  Tesfa Mengetsie  53491326
Studieleder:  Anne Chr. Aandahl  53491323

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå