08/11/2017

Praksiskoordinator for lærarutdanning

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Stord, Norge
Høgskole - Universitet Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

hogskolenvestlandet.jpg
SØKNADSFRIST: 28.11.2017

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for lærar og kulturfag Stord er det ledig 
100 % fast stilling som praksiskoordinator for grunnskulelærar-utdanningane, praktisk pedagogisk utdanning og faglærarutdanning i musikk frå 1.1.18

I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og
500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Phd.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Praksiskoordinator er eit viktig bindeledd mellom høgskule og praksisfeltet i arbeidet med profesjonsutvikling i dei ulike profilane i lærarutdanninga og administrerer praksisopplæringa. Ho/Han har tett kontakt med praksisskulane, fagmiljøet på HVL og studentane. God kommunikasjon, informasjon og organisering med alle partar er viktig.
I samband med organisasjonsendringar kan arbeidsoppgåver bli endra.

Ansvars- og arbeidsområde

• Rekruttera skular til praksisopplæringa og inngå kontraktar med kommunane og skulane i samarbeid med studieleiar
• Fordela studentane på praksisskular
• Hovudansvar for fagleg innhald og utvikling av fagdagar, kurs og møte med praksisfeltet i samarbeid med fagmiljøet på HVL 
• Tett kontakt og samtaler med praksiskular og studentar 
• Vidareutvikla kvalitet i praksisopplæring som ein sentral del av studiet og ta del i utviklingsarbeid som skal styrka praksisopplæringa innan HVL 
• Kvalitetssikra avtalar og utgifter til praksis
• Vedlikehalde og vidareutvikle Praksisnett, ei informasjonsnettside knytt til utdanningane
• Organisera og planleggja studie- og praksisåret med partnarane


Kvalifikasjonar
 
• Utdanning på masternivå/lærarutdanning eller minimum på bachelornivå
• Undervisningserfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule er ein føremon. 
• Personen som vert tilsett må ha god kunnskap om utdanningane, og oppdatert og variert kunnskap/erfaring frå praksisfeltet. 
• Kjennskap til skulestruktur i regionen og evne til nettverksbygging er ein føremon.  
• Grunnleggande IKT-kompetanse er nødvendig. 
• Stillinga krev gode kommunikasjons- og samarbeidsevner då praksiskoordinator skal samarbeide tett med praksisfelt, faglærarar og studieleiar. 
• Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig og evne til å løyse fleire oppgåver samstundes er viktig.  
• Praksiskulebesøk med reising er ein del av arbeidet. Søkjar bør ha førarkort klasse B.

Vi tilbyr

Lønn etter kompetanse i samsvar med statens lønnsregulativ. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilby elles:
• Gode pensjons-, forsikring- og låneordningar i Statens pensjonskasse
• Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving- og utvikling
• Fleksitid i samsvar med «Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten»
• Høve til trening i arbeidstida
• I enkelte tilfelle kan en få dekka flyttekostnader i samsvar med «Særavtale om dekning av flyttekostnader»


Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «søk denne stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attestert omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen får ut, Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på 3-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Kontaktpersonar:
Studieleiar Anne Chr. Aandahl, E-post: anne.aandahl@hvl.no, Telefon: 53 49 13 23 
Studieleiar Kjell Magnar Helland, e-post kjell.helland@hvl.no tlf. 53 49 14 97

Ansettelsesform

Fast

Søk nå