02/11/2017

Rådgivar - fylkestannlegens kontor

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Molde, Norge
Rådgiver - Konsulent Tannhelse

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 26.11.2017

Opplysningar om stillinga

Fylkestannlegens kontor søker rådgivar i 100 % fast stilling.

Hovudoppgåver

· utviklingsprosjekt relatert til overordna tannhelseplan 
· utviklings- og driftsoppgåver knytt til rekruttering, introduksjon og oppfølging av tannhelsepersonell
· leiarstøtte og rettleiing i sjukefråversoppfølging på system- og individnivå
· stillinga vil ha innslag av driftsprega oppgåver knytt til kontoret si samla oppgåveportefølje

Vi ønskjer søkarar med

· relevant utdanning frå universitet eller høgskole
· erfaring med organisasjonsutvikling, HR-arbeid, prosjekt- og prosessleiing
· kjennskap til offentleg forvaltning (ikkje eit krav)
· analyse- og utgreiingskompetanse og god skriftleg framstillingsevne
· gode relasjonelle og kommunikative evner
· evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og løysingsfokusert
· god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

· utfordrande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert arbeidsfellesskap
· ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på vekst og utvikling av leiarar og medarbeidarar med formål best mogelege tenester for innbyggarane 
· arbeidsstad på fylkestannlegens kontor i Molde (stillinga inneber noko reiseaktivitet til klinikkane i fylket)
· lønn etter avtale
· offentleg tenestepensjon og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement. Vi brukar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle som fyller kompetansekrava er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. Søknadsskjema finn du på www.mrfylke.no/utlysing.

For meir informasjon om tannhelsetenesta, sjå http://mrfylke.no/Intranett/Fagomraade/Tannhelse 

Søkarliste / Søkerliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Kontakter

Morten Larsen
Administrasjonsleder
E-post morten.larsen@mrfylke.no 
Mobil 95078152
Arbeid +4771280203

Ansettelsesform

Fast

Søk nå