08/11/2017

Kommunikasjonsmedarbeidar

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Stord, Norge
Høgskole - Universitet Kommunikasjon - Journalistikk

Stillingsbeskrivelse

hogskolenvestlandet.jpg
SØKNADSFRIST: 28.11.2017

I den nye eininga Samhandling er det ledig fast stilling i 100% som kommunikasjonsarbeidar frå 1. desember 2017.

Arbeids- og ansvarsområde 
• Planlegge, gi råd og gjennomføre aktiviteter i kommunikasjons- og marknadsarbeidet vårt
• Produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar
• Leie og/eller inngå i team på ulike kommunikasjons-/samhandlingsoppgåver og prosjekt

Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum på bachelornivå
• Relevant praksis og dokumentert evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid. 
• God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk

Vi ser etter ein initiativrik person som tenker strategisk, og som er i stand til å finne gode løysingar på kompliserte utfordringar. Det krev høg kommunikasjonsfagleg kompetanse og god prosessforståing, samt stor arbeidskapasitet og operativ gjennomføringsevne.

Du må både kunne arbeide sjølvstendig og i team.

Det vil og vere ein føremon med kjennskap til utdannings- og forskingssektoren.

Vi tilbyr
Lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1408 førstekonsulent. For spesielt godt kvalifisert søkjar kan stillingskode som rådgjevar verta vurdert.
Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Vi tilbyr elles
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer i ei ny eining med høge ambisjonar for kommunikasjonsarbeid på alle felt.
• Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og kreativt miljø
• Gode pensjons-, forsikring-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
• Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving– og utvikling
• Fleksitid i samsvar med «Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten»
• Høve til trening i arbeidstida
• i enkelte tilfelle kan ein få dekka flyttekostnader i samsvar med «Særavtale om dekning av flyttekostnader».


Søk på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «søk denne stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attestert omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen får ut, Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Kontaktpersonar:  Svein Ove Eikenes, svein.eikenes@hvl.no, tlf. 5349 1413

Ansettelsesform

Fast

Søk nå