08/11/2017

Førsteamanuensis/førstelektor IKT i læring

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Stord, Norge
Høgskole - Universitet Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

hogskolenvestlandet.jpg
SØKNADSFRIST: 28.11.2017

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for lærar og kulturfag Stord, har ledig ei fast og ei mellombels stilling frå 01.01.2018. Den mellombelse stillinga kan delast i to 50% stillingar.

I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og
500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper

Lærarutdanningane ved HVL skal bidra til  utvikling av fagleg, kreativ og innovativ kompetanse i skule og barnehage.  Sentralt her står analyse av – og refleksjon kring bruk av teknologi, og utvikling av IKT-støtta  undervisings- og læringsmiljø.

Ansvars- og arbeidsområde
Stillingane er organiserte under masterstudiet IKT i læring. Arbeidsoppgåvene vil omfatta forsking, forskingsbasert undervising, rettleiing,- og annan oppfølging av studentar på masterstudiet IKT i læring. Oppgåver på Grunnskulelærarutdanninga (GLU), Barnehagelærarutdanninga (BLU) og etter- og vidareutdanning (EVU) er aktuelt.
Master IKT i læring er eit samlingsbasert studium med faste samlingar på Stord. GLU og BLU er campusbasert med fast frammøte for studentane.

Kvalifikasjonskrav
• Det er ynskjeleg at søkjarane har førstekompetanse innanfor relevant fagområde. 
• Høg digital realkompetanse og dokumentert kunnskap og erfaring frå pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læringssamanheng er eit krav.

• Følgjande til telje positivt i vurderinga:
o Erfaring frå forskings- eller utviklingsprosjekt der bruk av digitale læringsverktøy har vore sentralt.
o Pedagogisk kompetanse og relevant undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning. 
o Kunnskap om- og erfaring frå fleksibel og nettbasert læring.

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, er det aktuelt med tilsetjing i stilling som   høgskolelektor.

Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunna undervise i eitt av dei skandinaviske språka (norsk, svensk eller dansk) eller engelsk, samt kunna bruka engelsk skriftleg

Stillinga krev gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. I vurderinga av aktuelle kandidatar inngår intervju og prøveførelesing.

Søkjarar oppgir i søknaden kva stillingsstorleik ein ynskjer (100% eller 50%).
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulen på Vestlandet er ein organisasjon i stadig utvikling, og vi ønskjer medarbeidarar som er fleksible med omsyn til endring i arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr
Lønn etter kompetanse i samsvar med statens lønnsregulativ. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilby elles:
• Gode pensjons-, forsikring- og låneordningar i Statens pensjonskasse
• Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving- og utvikling
• Fleksitid i samsvar med «Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten»
• Høve til trening i arbeidstida
• I enkelte tilfelle kan en få dekka flyttekostnader i samsvar med «Særavtale om dekning av flyttekostnader»

Søk på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida.
Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer
pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk,
må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt
ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Kontaktpersonar
Dekan Sigurd Sandvold tlf. 5349 14 02, 900 67 536, epost: sigurd.sandvold@hvl.no 
Studieleiar Kjell Magnar Helland tlf. 53 49 14 97, 920 80 686, epost: kjell.helland@hvl.no 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå