08/11/2017

Fagarbeidar i mellombels 60% st. ved Austrheim kystbarnehage

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Barnehage

Stillingsbeskrivelse

austrheim.jpg
SØKNADSFRIST: 05.12.2017

Frå 01.01.2018 til og med 31.07.2018 vil det bli ledig mellombels ei 60 % fagarbeidar /assistent stilling.

Opplysninger avdeling

Austrheim kystbarnehage stod ferdig i 2013 og er ein av dei to kommunale barnehagane i Austrheim. Barnehagen har i dag 103 barn som er fordelt på 6 avdelingar. Det er 37 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.

Me er stolt og fornøyd med utforminga av den nye barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare. Avdelingane har eit stort opphaldsrom , i tillegg gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Alle avdelingane har eigen inngang med eigen grov - og fingarderobe. 
Rundt oss har me, for utan ein fantastisk leikeplass, flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø. Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg. Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer gje barna gode oppleving og la dei erfare det beste med kystkommunen Austrheim, naturen.

 

Krav til kompetanse

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Assistentar med erfaring frå barnehage kan også søkje.

Personlege eigenskaper

Me ynskjer personale som kvar dag møter barna med varme, omsorg og engasjement. Store deler av personalgruppa har gjennomført Duå, De utrolige årene, og dette er ein viktig reiskap i arbeidet for å ivareta borna. I ein travel kvardag er me avhengige av personale som gjennomfører aktiviteter som samsvarar barnehagen sine mål og føresetnader. Ein som samarbeider, er kreativ og arbeider sjølvstendig, som arbeider for å gje borna ei rik og allsidig utvikling og motiverer til leik og læring.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar kontakt styrar Britt Ystebø tlf. 56 16 21 70.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Ansettelsesform

Engasjement

Søk nå