08/11/2017

Sjukepleiar i 75% vikariat

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

austrheim.jpg
SØKNADSFRIST: 05.12.2017

Det er ledig ei 75% vikariat som sjukepleiar gjeldande frå og med 01.03.18 til og med 28.02.19.

Opplysninger avdeling

Pleie og omsorgstenesta i Austrheim består av 5 avdelingar:
Nordliheimen er kommunen sin sjukeheim med 34 plasser. Avdelinga har eigen dement avdeling med sanseahage. Sjukeheimen har 37,24 årsverk fordelt på 63 personer. Nordliheimen har òg arbeidsstove/dagstove for bebuarar og heimebuande brukarar som er på dagplass. Det er to aktivitørar.

Kjøkken med reinhald og vaskeri består av 9 personer fordelt på 4,27 årsverk.

Heimesjukepleien har 13,61 årsverk fordelt på 24 personer. I tillegg administrerer dei støttekontakttenesta.

Dagavdeling for heimebuande demente, tre gonger per veke og starta februar 2013.

Tiltak til funksjonshemma, mellom anna Vestlia med 13 leilegheiter og ca. 20 årsverk fordelt på 40 personar. 

Arbeidsoppgåver

Stillinga er på Nordliheimen og innheldt arbeid på dag, kveld og 3. kvar helg.

Krav til kompetanse

Autorisasjon som sjukepleiar.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar kontakt avdelingsleiar Monika Kvamme på telefon 56 16 20 40.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå