09/11/2017

Dagleg leiar NMF Nordvest

  • Norges Musikkorps Forbund (NMF)
  • Molde, Norge
Kultur - Bibliotek - Museum Ledelse

Stillingsbeskrivelse




SØKNADSFRIST: 23.11.2017

Dagleg leiar i NMF Nordvest (Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) skal ut i permisjon. NMF treng vikar for henne i perioden 1. februar 2018 til 31. desember 2018. Regionkontoret er plassert i Molde.

 
Kontoret har i dag dagleg leiar og musikkonsulent i heile stillingar, ein seniorkonsulent og ein nasjonal drillkonsulent i deltidsstillingar (nasjonale oppgåver).

Dagleg leiar:

  • har ansvaret for alle administrative oppgåver

  • legg til rette for og koordinerer det frivillige arbeidet i organisasjonen

  • har personalansvar for regionen

  • har ansvaret for planlegging, koordinering og gjennomføring av nasjonale og regionale oppgåver

  • har økonomiansvar (budsjett og rekneskap for regionen)

  • er saksførebuar og sekretær for regionstyret og deltek i regionstyret sine møte

  • har ansvar for kontakt med og oppfølging av kommune- og fylkesadministrasjonar

  • deltek i nettverk i NMF

  • deltek i interne og eksterne møte etter behov med delegert ansvar frå generalsekretær


    Vi ser etter ein person som har:

 utdanning frå høgskule eller universitet som er relevant for stillinga. Relevant arbeidserfaring kan kompensere manglande formell utdanning

  • erfaring som leiar, gjerne frå frivillig sektor

  • evne og vilje til samarbeid og til å motivere og inspirere medarbeidarar

  • gode resultat i tidlegare arbeid

  • erfaring med økonomistyring og prosjektleiing

  • kunnskap om / erfaring frå kulturfeltet

  • fokus på nettverksbygging, primært i regionen.

  • god oversikt over støtteordningar og evne til å skaffe inntekt frå eksternt hald

  • god kjennskap til korps og korpsrørsla

  • eit bevisst forhold til god kvalitet

 god munnleg og skriftleg formuleringsevne.

 

 Vi kan tilby

kreativt og inkluderande arbeidsmiljø

  • gode høve til i eiga utvikling

  • dyktige kollegaer og utfordrande arbeidsoppgåver

    Personlege eigenskapar, erfaring frå korps og god kjennskap til arbeid i ein frivillig organisasjon vil bli tillagt vekt. Søkjar må ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko helgearbeid og reising i heile regionen.

    Dagleg leiar rapporterer til generalsekretær og vil vere ein del av NMF si utvida leiargruppe

     Løn og tilsetting etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Norges Musikkorps Forbund (NMF) er ein av dei største frivillige kulturorganisasjonane i landet med om lag 
60 000 medlemmer fordelt på 1 600 korps. NMFs verdiar er: Inkluderande, inspirerande og engasjert. NMFs visjon er: Alle snakkar korps. Årleg omsetnad er om lag 70 mill. kr. 

NMF har 51 tilsette, fordelte på hovudkontoret i Bergen og 8 regionkontor. 
NMF Nordvest har totalt 217 korps og 6 994 medlemmer.

Karl Ole Midtbø
Generalsekretær

Ingrid Sofie Nygaard
Dagleg leiar

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå