09/11/2017

Sjukepleiar, 100 % vikariat

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 26.11.2017

Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i svangerskapsvikariat frå dags dato, ved Institusjonstenester, Gol helsetun.

Gol Helsetun er ein sjukeheim med 32 plassar for kort/rehabilitering- og langtidsplass. Vi har dyktige medarbeidarar med høgt fagleg kompetanse, og triveleg arbeidsmiljø. Stillingane er i turnus med dag- og kveldsvakter og arbeid kvar 3. eller 4 helg.

Vi samarbeider tett tverrfagleg med heimetjenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut, psykisk helseteneste og med fleire for å få til eit heilheitleg pasientforløp. Organisasjonen er under endring og vi er i ferd med å etablere Mestringseining med fokus på tidleg intervensjon og rehabilitering.

Kvalifikasjonar:

* Autorisert sjukepleiar
* Nasjonal norskprøve nivå 3
* God samarbeids- og kommunikasjonsevner
* Fordel med erfaring frå geriatri, demens, kreftomsorg, palliasjon og velferdsteknologi
* Må kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar
* Ynskjeleg med evne til å jobbe i miljø i omstilling
* Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Arbeidsoppgåver:

* Vi arbeider etter primærkontaktsystemet
* Dokumentasjonsoppgåver, legemiddelhandtering og utføring av medisinske forordningar
* Utarbeiding og oppfølging av tiltaks-/pleieplaner
* Opplæring og fagleg veiledning av kollegaer
* Veiledning av elevar, lærlingar og studentar

Vi tilbyr:

* Triveleg arbeidsplass med god opplæring, oppfølging med fadderordning og veiledning
* Varierte arbeidsoppgåver med moglegheit for å påverke og utvikle tenestene
* Kurs, opplæring og relevant hospitering
* Deltaking i fagleg forum
* Støtte til relevant vidareutdanning
* Konkurransedyktig løn med eit rekruttere/behalde tillegg på 25.000kr i året (v/100 % stilling)
* Eit breitt spekter av utfordingar med pasientar i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov
* Turnus kvar 4. helg med langvakter
* Vi jobbar med utvikling av demensomsorg og velferdsteknologi
* Fin natur med gode turmoglegheiter

For stillinga gjeld:

* Tilsetting eter gjeldande lov og avtaleverk
* Pensjonsordning i KLP
* Arbeid dag og kveld, vi har eigne nattevakter

Vi ynskjer at:

* Du er sjølvstendig og strukturert
* Du har gode kommunikasjons-, samarbeidsevner og er fleksibel
* Du kan bruke IKT-verktøy, - vi har Gerica og Lifecare Mobil Pleie i heimetenesta
* Du likar utfordringar og er fagleg fokusert
* Du har fokus på nærvær og godt arbeidsmiljø
* Du bidreg til fagleg og tverrfagleg samarbeid

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

  • Velin R Eikrehagen
    Områdeleiar
    Mobil 91673977  

  • Linda Muggerud Anderssen
    Områdeleiar 
    Mobil 91673979

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå