04/12/2017

Rettleiar NAV

  • Seljord kommune
  • Seljord, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 15.12.2017

ID192 

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og hovudmålet vårt er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg som har pågangsmot og engasjement som ønskjer meningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.

NAV Seljord har sju tilsette og held for tida til i sentrale lokalar i Seljord. Det er ledig ein 100 % stilling som rettleiar i den kommunale bemanninga ved kontoret.

Tilsetting er ønskjeleg frå 01.02.2018.

Dersom nokon internt blir tilsett, vil det vere ledig eit engasjement til 31.08.2018 med moglegheit for forlenging. 

Vi søkjer etter deg som er initiativrik, har pågangsmot og vil jobbe i eit engasjert og aktivt miljø.  Du må vere omstillingsdyktig, ha gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å motivere og engasjere andre.

Kort om stillinga:

Ansvarsområdet  og arbeidsoppgåver:

  • Du skal engasjere og motivere arbeidsgjevar og arbeidssøkjar
  • Du skal ha tett oppfølgjing av brukar og arbeidsgjevar
  • Du skal ha tett samarbeid med helse og andre samarbeidspartnarar
  • Du skal ha tett samhandling med kontoret sine andre avdelingar
  • Sakshandsaming innanfor eininga sitt ansvarsområde
  • Medansvar for å nå NAV sine mål  

Du må ha:

  • Minst 3 år utdanning på høgskule-/universitetsnivå, fortrinnsvis sosionomutdanning.
  • Særskilt relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
  • God kunnskap om arbeidsmarknaden og erfaring frå sal/service eller rekruttering/bemanning er en fordel
  • Evne til å byggje relasjonar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team
  • God digital kunnskap  

Vi ynskjer at du

  • Er målretta, nøyaktig og får oppgåvene unna (effektiv)
  • Arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • Har gode servicehaldningar og god kommunikasjonsevne
  • Har evne til å motivere og engasjere
  • Er kjent for ditt gode humør og positive innstilling
  • Er ein kollega som medverkar til å skape resultat  

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Tenestepensjon gjennom KLP

NAV er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

NAV er IA-verksemd, og vi vil leggje forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.  

Spørsmål om stillinga kan rettast til NAV leiar Hanne Sommerfelt, telefon 90 123 735.  

Send søknad og CV via lenka nedanfor. Vi gjer merksom på at CV blir bruka i utvida søkjarliste. Vitnemål og attestar skal takast med på eit eventuelt intervju.   Dersom du ynskjer å reservere deg frå å bli oppført på offentleg søkjarliste, må du opplyse og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom ynsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.  

Søknadsfrist 15.12.2017.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå