05/12/2017

Personalsjef

  • Eid kommune
  • Eid, Norge
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 27.12.2017

Eid kommune har ledig 100 % fast stilling som personalsjef frå 01.03.18. Stillinga er plassert i organisasjonsavdelinga og er ei stilling på fagleiarnivå.

Organisasjonsavdelinga er ei av to stabsavdelingar i Eid kommune. Avdelinga har ansvaret for personal og løn, arkiv og dokumentsenter, informasjon og profilering, resepsjon, sentralbord og andre støttetenester til avdelingane som mellom anna turnusplanlegging og barnehageopptak. Organsasjonsavdelinga har rundt 12 årsverk. Personal- og lønsområdet har i dag fire årsverk og fire tilsette. Næraste leiar er organisasjonssjefen.

Eid kommune og Selje kommune skal slå seg saman til Stad kommune frå 01.01.2020. I perioden fram mot 2020 skal det etablerast ein ny organisasjon og ein ny, felles arbeidsgjevarpolitikk for den nye kommunen. Dei tilsette er dei viktigaste ressursane til kommunane. Å sikre gode og ryddige prosessar fram mot 2020 og vidare er høgt prioritert.

Å vere med på å byggje ein ny kommune er ein unik sjanse. Det vil bli spennande og utfordrande. Vi søkjer derfor etter ein fagleiar med høg motivasjon for å delta i arbeidet med å forme ein ny kommune og samstundes sikre dagleg drift og oppgåvehandtering i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for personal- og lønspolitikk
  • Ansvar for rekrutteringsstrategiar
  • Ansvar for kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • Ansvar for gode system for helse, miljø og tryggleik
  • Ansvar for oppdaterte reglement og rutinar på personalområdet
  • Førebu og medverke i lønsforhandlingar
  • Medverke til at organisasjonen har gode samarbeidsplattformer mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, inkludert møte med hovudtillitsvalde, arbeidsmiljøutval og adminstrasjonsutval
  • Vere ein rådgjevar og støttespelar for rådmann, kommunalsjefar og avdelingsleiarar i ulike saker på personalområdet
  • Organisere og halde oversyn over saksbehandlinga på personalområdet og samarbeide tett med personalmedarbeidarane i enkeltsaker
  • Medverke til å effektivisere og innføre nye arbeidsmåtar på løn- og personalområdet

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne juridisk kompetanse på masternivå
  • Har leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
  • Er oppdatert på relevant lov- og avtaleverk på området 
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Har gode strategiske og analytiske evner, god systemforståing og ikt-kunnskap
  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
  • Har sterk motivasjon for endrings- og utviklingsarbeid
  • Kjennskap til Visma HRM, Acos websak focus, Compilo og Easycruit er ein fordel

Vi kan tilby

  • Høve til å vere med å etablere ein ny arbeidsgjevarpolitikk og ein ny kommune
  • Meiningsfulle og utfordrande oppgåver
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter nærare avtale

For nærare opplysningar, ta kontakt med rådmann Åslaug Krogsæter på tlf. 909 13 333 eller organisasjonssjef Ingunn Rotihaug på tlf. 970 01 087.

Vi oppfordrar til å søkje elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden.




Ansettelsesform

Fast

Søk nå