05/12/2017

Fagleiar arkiv og dokumentforvaltning

  • Eid kommune
  • Eid, Norge
Arkiv Ledelse

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 27.12.2017

Eid kommune har ledig 100 % fast stilling som fagleiar arkiv og dokumentforvaltning frå 01.03.18 eller etter nærare avtale. Stillinga er plassert i organisasjonsavdelinga.

Organisasjonsavdelinga er ei av to stabsavdelingar i Eid kommune. Avdelinga har ansvaret for personal og løn, arkiv og dokumentsenter, informasjon og profilering, resepsjon, sentralbord og andre støttetenester til avdelingane som mellom anna turnusplanlegging og barnehageopptak. Organsasjonsavdelinga har rundt 12 årsverk. Arkiv- og dokumentsenteret har per i dag 3,5 årsverk og 5 tilsette. I avdelingane er det i tillegg ressurspersonar på ulike fagprogram som er viktige samarbeidspartar i det samla arkivarbeidet.

Eid kommune og Selje kommune skal slå seg saman til Stad kommune frå 01.01.2020. I perioden framover skal det etablerast ein ny organisasjon med om lag 700 årsverk. Den nye kommunen har ambisjonar om å vere ein digital kommune som skal levere gode, digitale tenester til innbyggjarane. Ein sentral del i dette arbeidet er å byggje ein ny felles arkivbase for den nye kommunen og nye felles rutinar for dokumenthandsaming.

Å vere med og byggje ein ny kommune er ein unik sjanse. Det vil bli spennande og utfordrande. Vi søkjer derfor etter ein fagleiar med høg motivasjon for å delta i arbeidet med å forme ei ny arkiv- og dokumentteneste i den nye kommunen og samstundes sikre dagleg drift og oppgåvehandtering i Eid kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna fagleg ansvar for kommunen si samla arkivteneste, for arkivdanninga og for bevaringa av arkivmateriale
  • Skal sjå til at arkivverksemda er i samsvar med gjeldande lover og reglement og at arbeidsoppgåvene vert utførte på ein rasjonell og effektiv måte
  • Skal medverke i saker av betydning for kommunen si arkiv og dokumentteneste og er kommunen sin kontaktperson i saker som gjeld denne verksemda
  • Har arkivfagleg leiaransvar for arkivmedarbeidarar og ansvar for at det vert gitt nødvendig opplæring og oppfølging innanfor arbeidsområda
  • Har ansvar for at det vert utarbeidd ein heilskapleg arkivplan, instruksar og reglement og at desse vert halde ved like
  • Medverke i arbeidet med å etablere ein ny kommune og delta i ulike prosjekt og satsingar i organisasjonen

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Gjerne arkivakademiet eller liknande arkivfagleg utdanning
  • Er endringsorientert og har forståing for digitalisering som verktøy for utvikling
  • Har leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
  • Er oppdatert på relevant lovverk på området
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Har gode strategiske og analytiske evner, god systemforståing og ikt-kunnskap
  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid

Vi kan tilby

  • Ei interessant og utfordrande stilling
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter nærare avtale

For nærare opplysningar, ta kontakt med organisasjonssjef Ingunn Rotihaug på tlf. 970 01 087.

Vi oppfordrar til å søkje elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå