08/12/2017

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i rettsvitskap – st. nr. 52/2017

  • Høgskulen i Volda
  • Volda, Norge
Høgskole - Universitet Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

HVOlogo_hoved_horisont_svart_digitalt_730%5B1%5D.png

SØKNADSFRIST: 25.01.2018 

Ved Høgskulen i Volda er det ledig ei heil fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i rettsvitskap, med planlagt tilsetjing frå 1. august 2018. Stillinga er ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag.

 Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1100 studentar, fordelt på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag og Institutt for historie.

 Om instituttet

Instituttet har pr. i dag 15 fast tilsette, og om lag 250 heiltidsstudentar på bachelornivå og masternivå. Kjernefaga ved instituttet er:

• Samfunnsfag; sosiologi, geografi, historie, statsvitskap, organisasjonsteori og fagdidaktikk

• Samfunnsplanlegging, med vekt på lokal og regional utvikling og partnarskap

• Offentleg organisering og leiing

• Offentleg administrasjon, juss og økonomi

• Lokal og regional nærings- og samfunnsutvikling, regionaløkonomi

 IPAS tilbyr årsstudium i samfunnsvitskap, bachelor i planlegging og administrasjon og master i samfunnsplanlegging og leiing. Vidare har instituttet ansvar for årsstudium i samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga 5-10, samfunnsfag i barnehagelærarutdanninga og i praktisk pedagogisk utdanning. Fleire av studieprogramma inneheld juridiske emne, eller har juss som tema innanfor i eit  emne.

 Nærare om stillinga

Stillinga gjeld hovudsakleg undervisningsoppgåver på bachelornivå, men undervisningsoppgåver i utvalde emne ved masterutdanninga i samfunnsplanlegging og leiing, er også aktuelt. Instituttet tek på seg eksternt finansierte oppdrag for offentlege instansar, og i dei tilfella desse oppdraga etterspør juridisk kompetanse, kan slike oppdrag bli knytte til stillinga. I og med at utdanningane ved IPAS i stor grad er retta mot arbeid i offentleg sektor, er offentlegrettslege tema sentrale i undervisninga, mellom anna forvaltningsrett, statsrett, planrett, natur- og miljørett, arbeidsrett og helse- og omsorgsrett.

 Det er venta at den som blir tilsett, tek del i FoU-arbeid og i andre deler av verksemda ved instituttet. Eventuell nærare avgrensing av stillingsinnhald, arbeidsoppgåver m.m. vil bli gjort i dialog med søkjar.

 Den som blir tilsett, må ha master/hovudfag i rettsvitskap, ha dokumentert universitets/høgskulepedagogisk basiskompetanse og/eller praktisk-pedagogisk kompetanse, eller tileigne seg slik kompetanse etter avtale med HVO. Om pedagogisk kompetanse sjå: Nasjonale veiledende retningslinjer for universitets- og høgskolepedagogisk basiskompetanse: http://www.uhr.no/documents/Nasjonale_veiledende_retningslinjer_for_uh_pedagogisk_basiskompetanse.pdf

 Søkaren må dokumentere utdanning, relevant arbeidserfaring, og gjerne FoU-arbeid. Søkaren kan bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

 Søkaren kan be om vurdering av tilsetjing som førstelektor/førsteamanuensis. For tilsetjing som førsteamanuensis, er det krav om godkjend doktorgrad eller tilsvarande. Vi viser til føresegn om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129#KAPITTEL_1

 Undervisningsspråket er norsk, og søkaren må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kontorstaden er ved Høgskulen i Volda. Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning.

 Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

 Tilsetjing

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

 Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, m.a. med lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

 Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ i normal årsløn for denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011 frå kr 548 200 – 673 800/førstelektor 1198 frå kr 558 500 – 704 800/høgskulelektor 1008 frå kr 474 700 - 597 400.

 Søknadsfrist: 25. januar 2018.

 Søknaden skal leverast elektronisk, og vi viser til det elektroniske søknadsskjemaet på www.hivolda.no/stilling.

 I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

 Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

• CV med kontaktinformasjon for referansar

• Rettkjende kopiar av vitnemål/attestar

• Inntil 10 vitskapelege arbeid, som søkjar vil ha vurdert, inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og ev. doktorgradsavhandling

• Kort omtale av dei arbeida som søkaren vil ha vurdert, og om kvifor dei er relevante for stillinga

• Fullstendig publikasjonslite over vitskaplege arbeid, dvs. også av arbeid som ev. ikkje ligg ved søknaden

 Søkjar må ta med original/rettkjende kopiar av attestar og vitnemål på eventuelt intervju.

 I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli unnatekne i offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg må under «Søknad» krysse av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør Offentlighetsloven» og grunngje søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

  Nærare opplysningar får du ved å vende deg til instituttleiar ved IPAS, Randi Bergem, tlf. 70075211, eller dekan ved ASH Odd Ragnar Hunnes, tlf. 70075296. Opplysningar om Høgskulen i Volda finn du på høgskulen sine nettsider: http://www.hivolda.no

Ansettelsesform

Fast

Søk nå