03/01/2018

Rådmann

  • Vindafjord kommune
  • Vindafjord, Norge
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 22.01.2018

Me søkjer ein framtidsretta og synleg rådmann som blir motivert av å skapa resultat og få til gode løysingar. Rådmannen skal i godt samspel med politikarar og tilsette arbeida for å sikra vidare utvikling og gode tenester til innbyggjarane våre.

Ei viktig oppgåve vil vera å vidareutvikla Vindafjord som ein attraktiv, effektiv og serviceorientert kommune. Me er opptekne av kommunen si rolle som samfunnsutviklar, og ser det som viktig at vår nye rådmann får til eit godt samarbeid med frivillige blant innbyggjarane, det lokale næringslivet og andre eksterne samarbeidspartnarar. Sentrale oppgåver er å utarbeida gode grunnlag for politiske avgjerdsprosessar, iverksetja og følgja opp politiske vedtak.

Vår nye rådmann må ha solid leiarerfaring, høgare utdanning og god kjennskap til offentleg forvaltning. Du må ha god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag. Erfaring frå offentleg sektor vil vera ein fordel, men anna relevant leiarerfaring frå privat sektor kombinert med god kjennskap til kommunale utfordringar kan også vera eigna bakgrunn. Me ynskjer ein inspirerande leiar med god økonomiforståing som evnar å samla organisasjonen mot felles mål og sikra god gjennomføring.

Vindafjord kommune tilbyr ei spanande leiarstilling i ein veldriven kommune. Me har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar. Som rådmann vil du få stor mogelegheit til å påverka eit lokalsamfunn med eit sterkt næringsliv og engasjerte innbyggjarar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til ordførar Ole Johan Vierdal tlf. 992 50 304 eller Personalhuset Search & Selection ved Tom Monclair Larsen tlf 982 95 141. Førespurnader om stillinga vert handsama konfidensielt også overfor oppdragsgjevar om ønskjeleg. Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Det vert vist til Offentleglova § 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke offentleg søkjarliste.

Søk på stillinga snarast, og seinast innan 22.01.18.

Om arbeidsgiveren

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre. For meir informasjon sjå www.vindafjord.kommune.no 

Kontaktperson
Ole Johan Vierdal
Ordfører
Telefon992 50 304

Ansettelsesform

Fast

Søk nå