08/01/2018

Avdelingsleiar for heimetenesta i Eikefjord

  • Flora kommune
  • Flora, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 19.01.2018

Heimeteneste Eikefjord, avdelingsleiarstilling

  • 100 % fast stilling ledig frå 01.07.2018

Heimtenesta i Eikefjord har 35 tilsette og gjev heimetenester, praktisk bistand og dagtilbod.Som avdelingsleiar blir du del av vårt dyktige leiarteam som fokuserer på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Pleie og omsorgssjef blir din nærmaste leiar og du vil jobbe i leiarteam. I tillegg har omsorgstenesta ein felles stab med gode støttefunksjonar.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar er du arkitekten og bygger eit godt og produktivt arbeidsmiljø for den avdelinga du skal leie . Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømmebygging av avdelinga di og har ansvar for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Flora kommune og omsorgstenesta har satt. 

Krav til kompetanse

Vi ynskjer deg som har lyst til å vere leiar! 

Og vi vil ha:

  • deg som " ser" dine medarbeidarar og får kvar einskild til å føle seg verdsatt.
  • deg som er strukturert og tydeleg
  • deg som er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra.
  • deg som liker endring og er god på å leie og inkludere dei tilsette.
  • deg som er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • deg som liker å ha ansvar, tek ansvar og ansvarliggjer tilsette

Kompetanse

  • Minimim 3 årig høgskule innan helse og omsorg
  • Du bør ha vidareutdanning i leiing 
  • Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,Min vakt og Web sak.

Økonomiansvar

  • Avdelingsleiar skal i lag med fagleiar for økonomi utarbeide årsbudsjett for avdelinga og er ansvarleg for ei drift i balanse. Månadsrapportering til Pleie og omsorgssjef. 

Vi tilbyr

  • Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.
  • Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning. 
  • Vi legg til rette for meir leiarutdanning / kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon for leiarar.
  • God pensjonsordning i KLP og gode lønsvilkår.

Ynskjer du meir utfyllande informasjon om stillinga kan du ta kontakt med pleie og omsorgssjef Ragnhild Holm på mobil 99 02 87 39

 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå