12/01/2018

Kultursjef 100% fast - Resultatområde kultur

  • Tysvær kommune
  • Tysvær, Norge
Ledelse

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 21.01.2018

Stillinga gjeld frå 01.04.18 

Tysvær kommune er ein kommune der det skjer mykje og mulegheitene er store! Her er det GODT Å LEVE, MYKJE Å OPPLEVE OG KJEKT Å JOBBE!

Tysvær kommune har frå 1. april 2018 ledig stilling som kultursjef.

Kommunen er organisert som 3-nivå kommune, der kultursjefen har fag-, økonomi- og personalansvar for resultatområde kultur. Kultursjefen er medlem av rådmannen si leiargruppe og rapporterer til rådmannen. Vi søkjer ein tydeleg, fagleg sterk og inkluderande kultursjef som skal bidra til å vidareutvikle kulturtenesta i Tysvær kommune.

Kultursjefen er leiar av resultatområdet kultur som omfattar bibliotek, fritid og frivillige organisasjonar, festivalar, idrett, kulturvern, kulturskule, Tysværtunet kulturhus med kino, konsertsal, badeanlegg, samt andre tema som høyrer inn under det utvida kulturomgrepet . Seksjonsleiarar for bibliotek, kulturskule, Tysværtunet kulturhus og idrett-park-friluftsliv rapporterer til kultursjefen. Tysvær kommune har satsa på kultur gjennom mange år, og samla har resultatområdet vel 30 årsverk fordelt på rundt 60 tilsette, eit brutto budsjett på vel 35 mill. kroner og eit netto driftsramme på ca. 25 mill. kroner. 

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter ein kreativ og engasjert kultursjef som har relevant høgare utdanning og erfaring frå leiande stillingar innan kulturområdet. Du må ha brei kulturinteresse, og vera god på kommunikasjon og samarbeid både overfor kulturlivet i vid forstand, medarbeidarar samt politisk og administrativt nivå i kommunen.

Vi vil at du:

* forpliktar deg på kommunen sin visjon, medarbeidarverdiar, etiske retningsliner og andre styringsdokument
* kan profilere Tysvær kommune som kulturkommune
* er ein tydeleg leiar som klarer å skape resultat gjennom andre
* ser verdien av og kan samarbeide på tvers av tenester
* er fagleg oppdatert og engasjert
* har ein ryddig og strukturert arbeidsstil
* er løysingsorientert og legg vekt på open og god kommunikasjon
* har økonomisk forståing og kan vise til erfaring med god økonomistyring
* kan dokumentere god skriftleg framstillingsevne 

Vi tilbyr:

* Ei spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
* Ein kommune som satsar på kultur
* Dyktige fagfolk
* Konkurransedyktig lønn
Vi tek atterhald om evt. endring i arbeidsoppgåver og organisering.

Slik søkjer du

Søkjarar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.

Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.

Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.

Dersom det kjem fram i stillingsutlysinga krav om politiattest, skal det ihht gjeldande lovverk leggjast fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Det blir teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Kontakter

Navn: Arvid Ståle Vallestad
Tittel: Rådmann
E-post: arvid.vallestad@tysver.kommune.no
Mobil: +4790055033
Arbeid: 52757051

Ansettelsesform

Fast

Søk nå